Kitty Clive

Kitty Clive

Fødd5. november 1711
FødestadLondon
Død6. desember 1785 (74 år)
DødsstadLondon
FødenamnCatherine Raftor
Verka somskodespelar, songar, operasongar, skodespelforfattar, skribent, teaterskodespelar

Catherine Clive (fødd Raftor; 5. november 17116. desember 1785), kjend som Kitty Clive, var ein kjend songar og skodespelar i engelsk underhaldningsliv, aktiv frå 1728 til 1769. Clive leia og skapte nye former for engelsk musikalsk teater. Ho hadde suksess både i opphøga roller – ho song til dømes musikk Handel skreiv for henne i Messiah, Samson og The Way of the World – og i mindre forfina ballade-operaroller. Bilete av henne blei trykka og selde i eineståande mengder. Ho kjempa for rettane til kvinner gjennom heile karrieren.

Ein imagekrise på slutten av 1740-talet gjorde Clive nøydd til å slutta med seriøs song og i staden gjera seg til latter på scenen. Sjølv om denne sjølvironien vann tilbake offentleg gunst for henne, og ho var den fremste komikaren i landet til ho forlet scena i 1769.

Det blei gjeven ut ein definitiv biografi om Clive av Berta Joncus i 2019.[1]

Kitty Clive som Mrs Riot, måla av Peter Van Bleeck ca. 1750
  1. Berta Joncus, Kitty Clive, or the Fair Songster (Boydell Press, 2019) Arkivert 7 July 2020 ved Wayback Machine..

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy